Fløtarvegen er eit sentrumsnært kultur- og friluftsprosjekt i Åmot i Vinje kommune, og omfattar etablering av ein samanhengande kultur- og tursti rundt Hyllandsfoss på om lag 3 kilometer. Kjernen i prosjektet er ei universelt utforma gangløysing inspirert av den historiske tømmerrenna, med Hyllandsrosa som eit særmerkt element plassert midt i elva. Historia vert formidla gjennom tekst, synlege tufter, gjenskaping av historiske element og figurar som gjer forteljinga levande og tilgjengeleg for heile familien. Fløtarvegen skal vere eit lågterskeltilbod for alle, styrkje bruk og identitet i eit sentralt område, og utviklast som eit fyrtårn som aukar Vinje si attraksjonskraft som besøks- og opplevingskommune.